Tittel: Bokbussdetektiven og mysteriet med dei forsvunne bøkene
Originaltittel: The mobile library : the case of the missing books
Forfatter: Ian Sansom (omsetj. Tove Bakke)
Forlag og år: Baskerville, 2007
ISBN: 978-82-8187-006-2
Endeleg ein bibliotekarhelt!
Israel Armstrong er ein jødisk-irsk engelskmann som endeleg har fått seg jobb. Han skal bli biblioteksjef i den vesle nordirske byen Tumdrum i Rathkeltair kommune. Boka startar når han endeleg er komen til biblioteket og finn eit oppslag frå kommunen: «Rathkeltair kommune orsakar å måtte varsle nedlegging av Tumdrum bibliotek med verknad frå 1. januar 2005». Det får ein kalle ein dårleg start i ein ny jobb!